Feeds:
Innlegg
Kommentarer

… om at det hadde vore ein fin tur. No sit me paa flyplassen i Bangkok, reiser vidare til Colombo om tre timar, til London derifraa og endeleg til Rygge i ellevetida i morgon. Det er lenge, men naar ein foerst har kome ombord saa gaar det meste av seg sjoelv.

Den sise veka har vore avslappande. Det har stort sett gaatt ut paa aa staa opp tidsnok til aa naa frokosten, hive seg i badebassenget og bli der. Av og til har me tatt ein tur paa stranda eller i baat til ei oey, men utan aa overdrive. Viss ikkje batteria er opplada no blir dei det aldri.

Thaimat i regnet

Klokka er halv to på formiddagen og Ingunn, Kyrre, Harald, eg og ungane har rømt frå regnbygene og inn på Railay Bay strandrestaurant og benytter anledningen til å spise lunsj. På denne kafeen er det nettilgang, og vi oppdaterer oss litt på nyheter, facebook, mailen og bloggen mens vi ventar på maten. Masse god thaimat, det har ikkje blitt matlagingskurs enda, skal vurdere kritisk om eg kan bruke eit par timar på det ein ettermiddag, men det er i sterk konkurransen med å gjere ingenting:-).

I dag har det vært dårlig vær i en time det har lynet og tordnet og regnet mamma var i ao nang og gikk i båten når uværet kom hun var kliss våt når hun kom tilbake.jeg Ola Og pappa var under en parasoll og drakk brus ved bassenget .Det er 3 dager til vi skal dra hjem.Jeg gleder meg til å treffe vennene mine igjen.

Railay beach

Bagasjen vår har fått søsken,  og for tida drar me rundt på fire koffertar, to store sekkar og eit par vesker.  Det er for mange ting å kjøpe her og alt er jo så billig… Men når ein skal med båt er det ikkje like lett. Me reiste frå Phuket i går.  På kaien var det minst trettifem grader, og saman med eit par hundre andre, flest skandinavar, venta me på Ao Nang Princess i eit par timar. Det gir svenskebacon ny meining.  Når prinsessa kom skulle sjølvsagt alle på med ein gong. Ei hysterisk fransk dame ropte «I’ve got a baby, I’ve got a baby» og prøvde å snike seg fram i køen. Det var så tett at det ikkje var mogleg, og ho var ikkje den einaste med baby i køen heller. Ein stakkars svenske fekk gjennomgå: «Your’re not a good man, you’re not a gentleman» osv.

Fortsett lesing »

Cecilie

I går var jeg på en kafe som het sea hag der jeg møtte Cecilie og Ola tysse nakkim.
hotellet til Ingunn,Kyrre,Ola og Anna lå rett ved siden av sea hag. Jeg spiste en skei av det pappa spiste og jeg syntes det var kjempesterkt, men han syntes ikke det var særlig sterkt. Jeg kjøpte meg Argentina drakt med Messi på. Cecilie og Einar bor i Nepal de er på ferie i Phuket. Det var gøy å treffe Cecilie!

Godt nyttår

Nyttårsafta har begynt bra. Akkurat no sitter eg ved bassengkanten på CC blooms.  Hotellet som Trude anbefalte ligg oss i åsane over Kata og Karon-strendenen. Fire keramikkfiskar sprutar vann i kvar sitt hjørne av bassenget. Dei matchar dei oransje paraply-parasollane som stå ved solsengene.

Frå bassengkanten er det utsikt mot kafeen som har stråtak, rødmalte tregolv,vifter i takene og ei stor seng full av puter, drapert som ei mørkerød himmelseng. Det går ein halelaus katt rundt i kafeen, den blir løfta forsiktig vekk med jevne mellomrom, men kjem tilbake. Rommet vårt er opp ei trapp, forbi masse hengeplantar og heilt i hjørnet. Det er eit av dei største romma, rundt 40 m2, med jordfargar og eit lite kjøkken. Frå verandaen ser vi ned til sjøen. Litt langt frå byen, men det er transport annankvar time ned til strendene, så då finn også eg roen. Fortsett lesing »

Det er nyttårsaften i dag. Nå er klokka fem om ettermiddagen. Vi har allerede spilt minigolf. jeg fikk en «hole in one» en gang! Det var dinosaurer på minigolfbanen og de var lagd av plastikk. I dag får vi spise så masse sjokolade og potetgull som vi vil. Snart skal vi hente spillene som vi har kjøpt, og klokken åtte skal vi se på fyrverkeri på stranda. Håper dere har en bra nyttårsaften, til alle mine venner!